Det er langt mellom båtkundane på Bunnpris Vedholmen i det gråe sommarvêret. Inglaug og Anne Brimsholm kryssar fingrane for betre vêr dei neste månadane.
Det er langt mellom båtkundane på Bunnpris Vedholmen i det gråe sommarvêret. Inglaug og Anne Brimsholm kryssar fingrane for betre vêr dei neste månadane.

Salssvikt grunna skrøpeleg sommar

Bunnpris Vedholmen hadde 600.000 kroner mindre i netto-omsetnad i juni i år enn i same månad i fjor. - Det er heilt vanvittig, seier butikksjef Inglaug Brimsholm.

- Det er så gale at det ikkje går an. Rett nok var det ein knallsommar i fjor, men så stor forskjell hadde me ikkje venta, seier Brimsholm.

Færre båt-kundar

På godvêrsdagar er det rikeleg av hytte- og båtfolk som tek turen innom butikken. Særskilt båt-kundane har uteblitt i dei gråe sommarmånadane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det kokar her når det er fint vêr. Då er det veldig mange lokale som tek båtvegen til butikken, i tillegg til ein god del tilreisande, seier Brimsholm og legg til:

- Det er ikkje mange solskinnsdagar me har hatt i år. Temperaturen har vel knapt nok bikka 14 grader, som me ligg på i desse dagar.

Mange på jobb

Det er salet av is, brus, øl og grillmat som sviktar mest. Butikksjefen fortel at ho må vera påpasseleg når ho skal tinga varer, for å unngå matsvinn. I tillegg er det relativt høge lønsutgifter desse månadane.

Anne Brimsholm viser fram den populære heimelaga pizzaen som sel like godt uansett vêr.
Anne Brimsholm viser fram den populære heimelaga pizzaen som sel like godt uansett vêr.

- Me er like mange på jobb no som om det skulle vore fint vêr og stort kundetrykk. Me kan jo ikkje spå vêret på førehand. Sommarvikarane får gå tidlegare heim, men dei som er fast tilsette kan eg ikkje gjera noko med, seier Inglaug.

No kryssar ho fingrane for finare vêr dei neste månadane.

- Me kan uansett ikkje ta att det tapte, men det hadde sjølvsagt vore fint med godvêr i månadane som kjem.

Populær pizza

Butikksjefen kan også konstatera noko positivt etter å ha gått gjennom salstala. Den populære heimelaga pizzaen sel godt uansett vêr.

- Sjølv om me omsette for over ein halv million mindre, sel me like mykje pizza i år som i fjor. Pizza-salet er tydelegvis ikkje vêravhengig, smiler Inglaug.