Ein villsauvær ferierer i desse dagar på ein gard på Skjørsand. Problemet er at bonden ikkje ønskjer å ha han på besøk lengre, og vil at han skal koma seg heim til eigaren sin. (Illustrasjonsfoto)
Ein villsauvær ferierer i desse dagar på ein gard på Skjørsand. Problemet er at bonden ikkje ønskjer å ha han på besøk lengre, og vil at han skal koma seg heim til eigaren sin. (Illustrasjonsfoto)

Saknar du ein villsauvær?

Ein bonde på Skjørsand fekk i helga ein villsauvær inn i saueflokken sin. - Kjekt for væren, men ikkje så kjekt for bonden, seier politioverbetjent Ove Ivarhus.

- Har han spasert inn i fjøset, eller dukka væren opp på beitet?

- Eg trur at han spaserte inn i "gjengen" på beitet. Bonden har ikkje klart å finna ut kven som eig væren, men han har teke vare på han. Om nokon saknar ein villsauvær, er det berre til å ta kontakt, seier Ivarhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dårlig trafikkvett

I Fusa får politiet stadig meldinar om påkøyrd hjort.

- Me får to eller tre meldingar i veka.

Meldingane kjem frå heile kommunen.

- Det ser ikkje ut til å vera nokre stadar det skjer oftare enn andre. Det gjeld stort sett heile Fusa. Hjorten har dårleg trafikkvett. Difor er det viktig, særskilt på desse mørke haustdagane, at ein er observante og køyrer roleg.