Sakna niåring kom raskt til rette
Sakna gut (9) og festbråk var det politiet i Os måtte ta seg av i går kveld og natt.
Ein ni år gammal vart meldt sakna i Os onsdag kveld, etter at han ikkje kom heim som venta. Politiet blei varsla klokka 21.30, og to patruljar køyrde ut for å leite etter guten. Men dei var ikkje meir enn komne til Os sentrum ei halvtime seinare, før guten si mor kunne kontakta dei med gladmeldinga om at niåringen var komen til rette, og var i trygg forvaring heime.
- Han hadde vore hos ein kamerat og dei hadde hatt det så kjekt at dei gløymde å tenkja på tida, opplyser politiet i Hordaland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Heilt åleine heime-fest
Politiet måtte rykkja ut til festbråk frå privat bustad i Skorvatjørno i Hagavik klokka 02.31 natt til skjærtorsdag. Meldinga gjekk ut på skrik og skrål, høg musikk og person som slo i husveggen. Då politiet kom til staden viste det seg at bebuaren var åleine heime og gjekk med på å dempa musikken.
Ungdommen ordna opp
To personar var aggressive og i ferd med å ryka i tottane på kvarandre då mange ungdommar var samla ved Essoen i natt. Politiet vart varsla klokka 3.40, av vitne som var redde det skulle bli slagsmål. Men andre ungdommar klarte å roa ned partane, så då patrulja kom til staden ti-tolv minuttar seinare var stemninga stille og roleg.