Sakna mann bekrefta omkommen
Politiet opplyser om redningsaksjon søndag morgon.
Søndag like før kl 9 blei politiet varsla om ein sakna mann i tjueåra. Mannen var sakna frå området Lysefjorden, opplyser politiet i ei pressemelding.
– Det blei umiddelbart iverksett redningsaksjon kor øvrige naudetatar og frivillige bistod politiet. Mannen blei funnen i sjøen like over kl 10 og frakta med luftambulanse til Haukeland Universitetssjukehus, skriv politiet i pressemeldinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Klokken 11:30 søndag blei politiet kontakta av sjukehuset.
– Det blei då formidla at vedkomande var bekrefta omkommen, opplyser politiet.
Pårørande er varsla. Politiet har oppretta undersøkingssak og det er beslutta obduksjon.
– Det er ikkje grunn til å tru at mannen er utsett for noko kriminelt, opplyser politiet.