Så lenge klarte Terje å halda seg unna
Då nissefar og nissemor kom flygande til Ulven for sitt årlege besøk, stilte statsråd Terje Søviknes opp for å fortelja born om si barndomsjul. - Det blir nok med dette eine tilfellet, smiler den ferske statsråden.
- Det er rart når du seier statsråd. Det er framleis ikkje gått heilt opp for meg, seier Søviknes.
- Tore har masa fælt på meg
Frp-politikaren hadde for ei stund tilbake lova Tore Øvreeide i Os Aero Klubb å stilla opp på Ulven for å fortelja om si barndomsjul. Tysdag var Søviknes i Oslo der det blei offentleggjort at han er ny olje- og energiminister. Då Søviknes ikkje såg ut til å kunna stilla, blei nyvalt ordførar Marie Lunde Bruarøy spurt, men ho hadde ikkje høve til å stilla før i ettermiddag. Då tok like så godt Søviknes ansvar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Tore har masa fælt på meg. Han gjev seg aldri. Men som sagt, det blir nok med dette eine tilfellet, seier Søviknes.
Vil framleis vera mykje ute
Etter nærare 20 år med å "bestemma over seg sjølv", trur Søviknes at det kjem til å bli ein uvant kvardag i ny jobb, i alle fall i starten.
- Det blir ei heilt ulik setting no. Eg er van med å vera min eigen sekretær og rådgjevar, seier Søviknes og smiler.
- Eg er veldig glad i å vera ute blant folk. Eg kjem framleis til å prøva på det i ny jobb. Eg vil reisa rundt der eg blir invitert, og så kjem eg nok til å reisa rundt til ulike verksemder på eige initiativ.
Kjem til å sakna dialogen med osingane
Ein av dei tinga Søviknes er kjent for, er at han har stilt opp og sjeldan takka nei til ein invitasjon. Det vera seg om ein osing har fylt 100-år, eller om ein ny barnehage eller skule har opna.
- Det er noko av det kjekkaste med jobben eg har hatt, og noko av det eg kjem til å sakna mest. Eg kjem til å sakna den direkte dialogen med osingane, seier Søviknes før han reiste vidare til Luranetunet for omvisning og kranselag, og for å ønskja god jul til det politiske miljøet.
Statsråden kjem til å vera heime i jula, men noko ferie blir det ikkje.
- Eg må lesa meg opp slik at eg er best mogleg budd til vi startar opp att på nyåret, seier Søviknes.