Sa ja til forskottering av Åsen-Helleskaret

Kommunestyret gjekk onsdag kveld samrøystes inn for å forskottera 34,1 millionar for å få realisert Åsen-Helleskaret, forlenginga av fylkesvegen frå Endelausmarka.

Os kommune er viljug til å forskottera totredelar av prosjektkostnaden for å realisera fylkesvegarmen i perioden 2017-19.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er saka:Føreslår å forskottera 34,1 mill.

Lån eller fond?

Rådmannen vil koma attende til konkret finansiering av forskotteringa når betalingsplanen er avklåra og i samband med økonomiplan for perioden 2017-2020.

I denne konkretiseringa ligg mellom anna ei tilbakemelding frå Fylkesmannen på kor vidt kommunen kan ta opp lån i samband med forskotteringa.

- Eg har vore i kontakt med Fylkesmannen for å få avklart dette, og det er ikkje rett fram. Usikkerheiten kring eit eventuelt låneopptak er mellom anna knytt til kor vidt dette er eit prosjekt som vil verta fullfinansiert (jf. spørsmålet kring kor mange bueiningar som vil bli bygd i området, journ.mrk.), opplyste rådmannen i møtet onsdag kveld, før han konkluderte med at kommunen truleg må nytta midlar frå ubundne driftsfond til forskotteringa.

- Men Fylkesmannen skulle henta inn meir ekspertise og har lova å koma attende med ei avklaring på dette, la rådmannen til.

Fylkeskommunen som byggherre

I vedtaket frå kommunestyret ligg det at Os kommune skal inngå privatrettsleg avtale med alle aktuelle heimelshavarar i området Åsen-Helleskaret basert på følgjande prinsipp;

a) grunneigar/utbyggar forpliktar seg til å yta eit bidrag på kr 40.000 per bueining til finansiering av fylkesvegarmen.

b) bidraget på kr 40.000 per bueining vert årleg justert med 3 mnd NIBR + 1,0%, og kjem til utbetaling til Os kommune ved godkjent rammeløyve for bustadprosjekta.

Artikkelen held fram under annonsen.

c) avtalane vert tinglyste som hefte på grunneigedomane.

 

Frp/H fekk i tillegg gehør for to tillegg i vedtaket: At fylkeskommunen tek på seg byggherreansvar og dergjennom ansvar for eventuelle overskridingar og at dei som skal bidra til dette spleiselaget er dei som direkte får løyst ut noverande eller framtidige utbyggingsområde gjennom denne fylkesvegarmen.

Rådmannen fekk fullmakt til å forhandla fram endeleg avtale med heimelshavarane i tråd med desse prinsippa.

Går i null med 850

Med ein slik avtale vil kommunen gå i null dersom det vert bygd 850 bueiningar i dei utbyggingsområda som vert løyste ut av den nye vegen.

Potensialet kan vera så mange som 2.000. I så fall vil kommunen kunna sitja att med eit overskot på om lag 46 millionar kroner.

Men 2.000 bueiningar vil i seg sjølv bringa spørsmål på banen om både naturvernoppsyn, landskap, topografi m.m.

Saka skal handsamast i fylkestinget i juni, og kommunen hadde frist til torsdag på å koma med ei avklaring kring kommunens bidrag.

Artikkelen held fram under annonsen.

For ikkje å få tommelen ned i fylkestinget for løysinga som kommunestyret no går inn for, oppmoda ordførar Terje Søviknes lokalpolitikarane til å jobba opp mot sine politiske kollegaar på fylkesnivå.