Rykte ut til konflikt: Full person skal ha vore utagerande mot politiet
Seint laurdag kveld måtte politiet rykka ut til Øyane i samband med ein konflikt.
På Twitter opplyser Vest politidistrikt at det laurdag kveld kom ei melding om bråk mellom to personar i Øyane.
— Det var ein konflikt mellom to personar. Den eine personen var både full, utagerande mot politiet og følgde ikkje dei pålegga som vart gitt. Han blei sett i arresten, skriv politiet.