Rykte ut til bål i Idrettsvegen
Brannvesenet rykte onsdag føremiddag ut til Idrettsvegen for å bistå med å sløkka eit bål.
– Slik me forstår det er det ikkje snakk om store faren, men me har sendt ein bil med mannskap og ein tankbil for å bista i sløkkinga av bålet, opplyste vakthavande ved Bjørnafjorden brann og redning.