Rykte ut etter melding om kollisjon mellom firhjuling og MC
Ulukka skal ha skjedd i Industrivegen.
Politiet fekk like før halv fire tysdag ettermiddag melding om ein kollisjon mellom MC og ein firhjuling. Politiet skal ha fått opplyst at motorsykkelen skal ha køyrd i firhjulingen bakfrå. Den eine føraren skal ha smerter i ein fot.
Ulukka skal ha skjedd i nærleiken av avkøyringa til Os vidaregåande skule. Årsaka til samanstøyten er ikkje kjend.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet er på staden for å gjera undersøkingar, og melder at trafikken kan passera på staden.