Gjerdevegen: Det føregår ettersløkkjing på staden.

Har sløkt grasbrann nær bustadhus på Fusa

Meldinga til Bjørnafjorden brann og redning var «grasbrann ute av kontroll» i Gjerdevegen.

Klokka 11 fortel varabrannsjef Erik Walden at det skal vera kontroll på gras- og krattbrannen.

— Det har vore brann på eit område på omlag 50 kvadratmeter nær eit bustadhus. Vi har no kontroll på brannen og held på å dynka og sikra ettersløkking, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjerdevegen: Nett kva adresse det brenn på, veit vi ikkje.

Det skal ikkje vera fare for spreiing.

Walden er sjølv på veg over med ferja frå Hatvik, og kan førebels ikkje seia noko om årsaka til brannen.