Rykte ut etter melding om grasbrann
Brannvesenet på utrykning til Holt.
Like før kl 12.30 fekk politi og brannvesen melding om grasbrann i Holt. Det skal vera eit mindre område som er svidd av.
Området skal liggja i nærleiken av bustader.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kl 12.40 melder 110 Hordaland på Twitter at ein er framme på staden og at brannen er sløkt av bebuarar. Brannvesenet dynkar terrenget.