Rykte ut til ny pipebrann

Denne gongen måtte Bjørnafjorden brann og redning rykka ut til Tøsdalsvegen.

Berre vel ein time etter at Bjørnafjorden brann og redning rykte ut til mogleg pipebrann i Kolabakkane, gjekk alarmen på ny.

Klokka 15 kom meldinga om at dei var på veg til ein pipebrann i Tøsdalsvegen, eit par kilometer nord for Osøyro.