Røyk utan eld på Nore Neset
Brannvesenet fekk melding om ein mogleg brann i Skeisstøa på Nore Neset.
Like før kl 12 kom det inn melding om mogleg bygningsbrann i Hagavik.
Brannvesenet rykte ut til staden.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Folk er komne seg ut av bygningen, opplyste 110 Vest på Twitter.
Kort tid etter kom det melding om at brannvesenet var kome fram, og at det ikkje var brann på staden.
Klokka 12.14 opplyser varabrannsjef Erik Walden at det var røyk i den treetasjes einebustaden, men ingen opne flammar.
Bebuarane i huset hadde teke seg ut på eiga hand.
— Vi har framleis ein tankbil og ein mannskapsbil på staden, fortel Walden.
Han viser til politiet for spørsmål om årsaka til røyken.
Atle Birkeland, innsatsleiar i politiet, fortel at det var to personar i huset.
– Det skal ha kome ein god del røyk etter matlaging i mikrobølgeomn, fortel Birkeland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det vart send trippelvarsling til politi, brann og helse.
– Det var forholdsvis udramatisk, men det vart som sagt ein god del røyk.
Dei to som var i huset vert sett til av ambulansepersonell.
Brannvesenet luftar no ut huset.