- Rutinane vart følgd
Byggjeleiar i Statens vegvesen, Bente Bergstø, meiner dei følgde rutinane for vegstengingar, og at kommunen sjølv må ta ansvar for å halda seg oppdatert i slike situasjonar.
Jostein Halland
jostein@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Bergstø avviser brannsjefStein Gjøsunds kritikk om at vegvesenet burde ha informert kommunen i samband med stenginga av Hegglandsdalsvegen.
- I dette tilfellet hadde ein omkøyringsveg, og då er det ikkje vanleg at me informerer kommunen direkte, men me varslar sjølvsagt naudetatane, det vil seia politi, brannvesen og AMK, med det same. Me har då heller ikkje kontaktinformasjon til kommunens beredskapsvakt. I slike tilfelle må kommunen sjølv ta ansvar for å halda seg oppdatert, meiner Bergstø.
Vegveenet har siste ordet
Når det gjeld den endelege avgjerda om å halda stengd, ligg denne til vegvesenet, og byggherrevakta utanom vanleg arbeidstid.
- Vegvesenet har byggherrevakt kontinuerleg gjennom heile året. Denne vakta er i slike tilfelle i tett kontakt med driftsentreprenør på staden. Byggherrevakta støttar seg på rapportane frå felten i vurderingane kring ei eventuell stenging. I desse vurderingane kjem tryggleiken aller fyrst, seier Bergstø.
Stenginga av Hegglandsdalsvegen gjennom nyttårshelga skuldast mykje vind, faren for nye trevelt og straumførande kablar som låg i vegen, som gjorde at ryddearbeidet måtte utsetjast.