Rusa mann funnen i vegkanten
Politiet skyssa mannen heim.
Det opplyser politioverbetjent Anne Lyssand, ved Bjørnafjorden politistasjon i ein e-post fredag morgon.
Hendinga skal ha funnen stad like etter midnatt.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Vi fekk melding om ein person som låg i vegkanten like utanfor sentrum av Os. Politiet kom til staden og køyrde den rusa mannen, som er i 70-åra, heim, skriv Lyssand.
Mann med kniv og hammar
Torsdag ettermiddag fekk politiet melding om ein mann i 20-åra som skal ha hatt med seg kniv og hammar på butikken.
Mannen blei pågripen av politiet ved Lagunen ei stund seinare, og hamna i arresten.
På tur i feil retning
Omtrent på same tid som at den unge mannen blei pågripen av politiet, kom det varsling om ein bilist på tur i feil retning i Lyshorntunnelen.
– Førar, ein mann i 70-åra, køyrde i retning Os. Hendinga blir følgt opp av politiet, skriv Lyssand.