Sælehaugen barnehage vart etablert i 2006. I april stengjer barnehagen etter planen dørene.
Sælehaugen barnehage vart etablert i 2006. I april stengjer barnehagen etter planen dørene.

Rundar av i april

30. april ser ut til å verta siste dag med barnehagedrift i Sælehaugen barnehage på Søfteland. Då går kontrakten til dei tilsette ut.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

- På informasjonsmøtet 5. januar vart det opplyst om at barnehagen skulle vera open så lenge det er barn her, og at foreldra hadde god tid på seg til å finna nye barnehageplassar til borna, seier styrar i Sælehaugen barnehage, Cornelia Meyer.

Ringevikarar vart føreslått som alternativ arbeidskraft fram til sommaren, men det ønskte ikkje foreldra. Dermed ser det ut til at dei vel 30 borna vert forsøkt flytta i løpet av mars og april.

Ifølgje Meyer kjem storparten av borna truleg til å ta til i Hjellemarka FUS barnehage. Barnehagen skal etter planen opna i nye lokale i Hjellemarka 4. april.

- Vi skal ha møte med barnehagen i neste veke. Målet er å få til ein roleg og god overgang for borna. Vi planlegg mellom anna å besøkja barnehagen i løpet av dei neste månadene og å flytta borna i puljer når den tid kjem, fortel Meyer.

Usikker framtid for dei tilsette

Helst skulle Meyer ha sett at dei tilsette frå Sælehaugen fekk høve til å flytta med borna, men slik fungerer det ikkje. Først må barnehagen få klarheit i kor mange born som skal gå i barnehagen, før nye stillingar kan lysast ut.

- Våre tilsette må søkja på stillingane slik som alle andre, seier Meyer.

I tillegg til styraren er det ti tilsette som mister jobben i slutten av april.

- Vi har tre pedagogar som må slutta, men eg er meir uroa for assistentane mine, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje nav.no er Hjellemarka FUS barnehage, Borgafjell barnehage og Skeisbotnen barnehage på jakt etter pedagogisk leiar. I tillegg søkjer to av barnehagane etter ringevikarar.

Meyer håper så mange som mogleg kan bli med på "flyttelasset" i lag med borna. Ho trur det vil gjera overgangen enklare for borna som no skal verta del av eit nytt miljø.

Styraren meiner framleis det er uheldig å stengja barnehagen midt i året.

- Men vi er inne i ein prosess. Vi har god kontakt med Hjellemarka FUS og dei andre barnehagane, så eg trur det skal gå bra, understrekar Meyer.

Nøgde, trass alt

Kva ho skal finna på sjølv, har ikkje Meyer fått tid til å tenkja på enno.

- Først må eg få unna det som skal gjerast i forhold til borna og dei tilsette, seier styraren som er tilsett i ei 50 prosent stilling.

Trass i at meldinga om at barnehagen skal stengja kom bardust på, har Meyer inntrykk av at foreldra - når situasjonen er slik den er - er nøgde med utfallet av saka.

- Foreldra er glade og takknemlege for at borna får høve til å flytta i lag med venene sine til nye barnehagar, og at ikkje alle vert spreidd rundt om kring i alle barnehagane i Os, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Os og Fusaposten» har ikkje lukkast med å koma i kontakt med eigar av Sælehaugen barnehage, Anne Rydgren.