Røykdykkarar i aksjon (FILM)
Under open dag på Os brannstasjon demonstrerte Brannvesenet korleis dei går fram for å redda nokon som er fanga i eit røykfullt hus.
Brannsjef Stein Gjøsund ønskte alle velkomne til brannstasjonen, og gav borna kvar sin brannhjelm.
- No har eg delt ut 700 hjelmar. Når du legg til foreldre og andre besøkjande, trur eg me kjem opp i rundt 1500 som har vore innom brannstasjonen i dag, sa Gjøsund.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han la til at det førebyggjande arbeidet som vert lagt ned gjennom at alle nødetatane samlar seg for å informera om sitt arbeid, er svært viktig med tanke på å forma neste generasjon.
Open dag på brannstasjonen er ein del av den nasjonale brannvernveka. Føremålet er å skapa gode haldningar kring brannvern.