Rolls-Royce flyttar i år
Flyttinga av fabrikken i Hagavik vert framskunda. - Me prøver å gje så mange som mogleg tilbod om nytt arbeid, men noko nedbemanning må me rekna med, seier Anette Bonnevie Wollebæk.
Som følgje av ein langvarig nedgang i den maritime marknaden har Rolls-Royce-konsernet sett seg nøydt til å bruka sparekniven. I fjor vart det kjent at fabrikken på Hagavik skal flytta produksjonen til Brattvåg i Møre og Romsdal. Då vart det sagt at det skulle skje innan utgangen av 2016.
- På eit allmøte sist veke vart det informert at den delen av produksjonen som omhandlar test og montering vert flytta innan utgangen av dette året, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kvifor vert dette framskunda?
- Fordi deler av produksjonen skal flyttast og ikkje heile, er flyttinga mindre omfattende. No er fabrikken i Brattvåg klar til å ta i mot test og montering.
Kva tid den delen av produksjonen som omhandlar maskinering skal flytta, er ikkje datofesta enno.
- Den biten skal ut til eksterne leverandørar. Det vert også jobba med å selja bygget til ein relevant eigar, seier Wollebæk.
Ikkje alle får ny jobb
Tidlegare i år skreiv «Os og Fusaposten» om at Kokstad-verksemda Munck Cranes snusar på lokala i Hagavik.
- I og med at maskinene vert ståande, kan det liggja an til at dei som jobbar med desse i dag får halda på jobben under ein ny eigar?
- Det er å håpa på for nokre tilsette, men me kan ikkje gje lovnader om det per i dag.
- Får alle dei rundt 130 tilsette tilbod om jobb vidare?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Nei, ikkje alle. Det blir noko nedbemanning. Men me gjer vårt beste for å finna ei løysing for så mange som mogleg. Noko av dette er avhengig av kva som skjer med lokala vidare, og noko av det er avhengig av folks eigne ønske, seier kommunikasjonsdirektøren.
- Får nokon tilbod om å jobb i fabrikken på Møre og Romsdal?
- Ja, men det har vist seg at eit fåtal er interesserte i det. I tillegg er det ein del tilsette som jobbar på kontor - ingeniørar og sørvismedarbeidarar - som får tilbod om jobb ein annan stad hjå Rolls-Royce i Hordaland, seier ho.
Påverka av oljepris-fall
Dei tøffe tidene i den maritime marknaden har i seinare tid vorte forsterka av eit kraftig fall i oljeprisen. For eit par veker sidan vart det kjent at Rolls-Royce også legg ned ein fabrikk på Sunnmøre med 200 tilsette.
- Når oljeprisen går ned, investerer ikkje kundane våre lenger. Då pressar dei prisane hjå alle sine leverandørar. Norske reiarar byggjer båtar når dei treng det, men no ligg det tvert imot båtar i opplag. Eit lyspunkt er fiskebåt-marknaden. Dei ser ut til å tenkja at dette er eit godt tidspunkt å tenkja på flåtefornying. Men dessverre er ikkje det nok til å endra hovudtrenden av ein sviktande marknad, seier Wollebæk.