Roleg sommar for politiet i Fusa
Lensmannskontoret i Fusa kan fortelja om lite kriminalitet sålangt i sommar.
Sommar og ferie kan vera ei høgtid for tyveri og innbrot. I Fusa er derimot alt som normalt.
- Det har vore ein heilt vanleg sommar for oss. Talet saker går litt i berg og dalbane, og denne sommaren har vore heilt på det jamne, fortel Fusa lensmannskontor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire båtsaker
Det er naturleg at politiet får fleire båtsaker når temperaturen stig og folk har ferie. Sjølv med eit par saker å melda har det gått veldig bra også med dei reisande til sjøs.
- Det er sjølvsagt ein større andel av sakane som handler om båt no om sommaren. Først og fremst er det kontroll av båtar og mindre hendingar. Det har også vore nokre båtar som har blitt meldt sakna, men dei har blitt funnen, informerer lensmannskontoret.
Mest arbeid med Tysnesfest
Fusa i samarbeider med Tysnes på politifronten, og mesteparten av fokuset den siste tida, har difor vore retta mot Tysnesfest.
- Det har vore ein del saker på Tysnesfest. Vi jobbar med ei påkøyring og fleire mindre saker som tyveri og liknande.
Lensmannskontoret vil også nytta høvet til å gje ein takk til fusingane for hjelpa mot kriminalitet.
- Vi får veldig mykje tips frå fusingane. Vi har god kontakt og er veldig nøgde med samarbeidet, skryter lensmannskontoret.