Ein fotograf våga seg ut i ruskevêret i Os hamn fredag ettermiddag. (Lesar
Ein fotograf våga seg ut i ruskevêret i Os hamn fredag ettermiddag. (Lesar

Roleg natt i Os og Fusa

Alle venta på Slemme-Tor, men både Os og Fusa gjekk klar av den verste stormen.

Det blåste kraftig både i går kveld og i natt, men den varsla orkanen uteblei. Brannvesenet i både Os og Fusa melder om ei roleg natt.

Brannvesenet i Os fekk i går kveld melding om eit tre som hadde velta over vegen ved Skipavika på Strøno. Dette vart raskt fjerna av kommunalteknisk avdeling.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei flytebrygge  ved Tongane i Øyane stod i fare for å slita seg, men her vart eigar varsla om å fylgja med.

Nokre tre skal ha ramla over vegen over Søvikåsen, men dette vart fjerna av privatpersonar før brannvesenet fekk melding.  

I løpet av kvelden i går avslutta BKK arbeidet i Os, og Os Røde Kors avslutta beredskapsen i Kolskogen. 

 

Fusa

I Fusa velta det tre over nokre av fylkesvegane, men dette tok Statens vegvesen seg av. Brannvesenet har derimot ikkje hatt noko oppdrag.

-  Det var gjort veldig mykje godt førebyggjande arbeid med rikeleg informasjon, seier vakthavande på Teknisk vakt i Fusa.

- Dessutan er det berre eitt år sidan stormen Nina. Folk hadde det friskt i minne denne gongen, og budde seg deretter, seier han.