Røde Kors med noregspremiere i Os
I morgon vert det noregspremiere på ei ny beredskapsteneste i Os.
Tenesta er retta mot publikum, og er eit samarbeid mellom Os Røde Kors og kommunen, opplyser osing og dagleg leiar i Hordaland Røde Kors, Lars Atle Skorpen.
Høvet for premieren er markeringa av 150-års-jubileet til Røde Kors. Ei stor mobil utstilling og ein aktivitetsarena kjem til Os sentrum i morgon, som eitt av over 90 stoppestader i Noreg. I dag, torsdag, er dei i Bergen, og på laurdag skal dei til Odda.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ordførar Terje Søviknes vil stå for den offisielle "opninga" av den nye beredskapstenesta i Os.