Røde Kors er 150 år i dag - lanserer nye beredskapsvettreglar
På denne dagen, 4. november, for 150 år sidan vart Røde Kors stifta. Jubileumsdagen vert feira med lansering av nye beredskapsvettreglar.
Jostein Halland
jostein@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Beredskapsvettreglene skal gje husstandane betre kunnskap om korleis handtera krisesituasjonar, hjelpa seg sjølv og andre.
- Dei primæra behova kan teiknast opp i en varseltrekant: Drikke, mat og varme. Vert eit av desse elementa fjerna kan tilværet raskt bli ubehageleg, seier Lars Atle Skorpen, dagleg leiar for Hordaland Røde Kors.
- Beredskapsvettreglane skal bidra til å forhindra at menneskeliv går tapt, anten som følgje av ekstremver eller mangel på hjelp utanfrå. I situasjonar med ekstremver har hjelpemannskap ofte hendene fulle, og kan ha problem med å ta seg fram til dei som er hardast råka. Med desse forholdsreglane vil ein vera betre rusta til å håndtere vanskelege situasjonar, og unngå at dei utviklar seg til å bli kritiske, seier Skorpen.
42.000 friviljuge
Røde Kors har 42.000 frivillige og 383 lokalforeiningar og er aktive i alle delar av landet. Årleg bidreg dei i fleire hundre beredskapsaksjonar, inkludert søk, redning og evakuering. Samtidig har Røde Kors opne møteplassar og nettverksaktivitetar for å førebyggja og bekjempa einsemd og ekskludering, som besøksteneste, leksehjelp, flyktningguide og ferieleir for familier med svak økonomi.
Skorpen forteller at dei nye beredskapsvettreglane er tufta på same idé som fjellvettreglane, som over tid er blitt viktige forholdsreglar når ein skal ferdast i den norske fjellheimen.