– Robotar kan gjere Bjørnafjorden-bru overkommeleg
Ei E39-bru over Bjørnafjorden i Hordaland er kostnadsrekna til 37 milliardar kroner. Det er for mykje, har statsministeren sagt, men kanskje kan robotar gjera prosjektet meir overkommeleg, håper Statens vegvesen.
Den planlagde brua på Hordfast-strekninga mellom Os og Stord blir den lengste flytebrua i verda om ho blir realisert. Med mange like delar kan likevel ein god del av byggjearbeidet automatiserast, trur prosjektingeniør Kjell Håvard Belsvik i Vegvesenet. Det kan få kostnadene ned i det rådyre bruprosjektet.
– Vi må sjå på moglegheita til å få prisen ned ved å bruke ny teknologi, seier Belsvik til NRK.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vi ønskjer å ha minst mogleg kostnader. Om vi sparer litt på gjennomføringa, kan vi redusera bompengane eller byggje meir veg ein annan stad, seier han.
Belsvik håpar no at entreprenørar og leverandørindustri vil ta i bruk robotteknologi i bruprosjektet, og at dette òg blir noko som kan nyttast på andre konstruksjonar i framtida.
Vegvesenet skulle ha lagt fram ein revidert kalkyle med priskutt i haust, men den er no til behandling i Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet.