Returnerte Fjellheim-sak til kommunen
Plan- og bygningsutvalet si handsaming av klager på sentrumsplan var mangelfull. No har Fylkesmannen returnert saka til kommunen.
Planområdet omfattar vestre del av Os sentrum og strekkjer seg frå rundkjøringa til Os Næringspark og inkluderer Byvegen og nedre del av Mobergshaugane, inkludert Os barnehage, Os brannstasjon og det gamle kulturhuset Fjellheim.
Planen legg til rette for auka fortetting og utbygging rundt kollektivterminalen og på vestsida av Byvegen. Tilhøva vert også lagt til rette for eit større tal sentrumsnære bustader og område for sentrumsformål med blanda funksjonar. Byvegen er justert og i større grad tilrettelagt for mjuke trafikantar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vedtaket er klaga på av Jorunn Songstad, Jenny M. Fagerheim og Eli Fagerheim, samt av Foreningen Bevar Fjellheim.
Plan- og bygningsutvalet (PBU) handsama klagene i fjor haust. Utvalet kunne ikkje sjå at kommunestyret ville fatta eit anna vedtak enn dei gjorde i juni i fjor då dei godkjende områdereguleringa for Os sentrum vest.
Oppfyller ikkje krava
Klagene vart sendt vidare til Fylkesmannen i Hordaland for endeleg behandling.
Han har følgjande kommentar til handsaminga i PBU:
- Vedtaket kan forståast slik at klagen frå Foreningen Bevar Fjellheim vart avvist. Avvisinga oppfyller likevel ikkje krava til form og til materielt innhald som forvaltningslova stiller til eit enkeltvedtak.
Fylkesmannen påpeikar at det er krav til innhaldet i grunngjevinga av ei slik avvising.
- Grunngjeving av eit einskildvedtak er særs viktig, fordi det skal gje partane ei forklaring og gjera greie for dei omsyna som vedtaket byggjer på. Partane vil då betre kunne forstå bakgrunnen for at saka fekk eit slikt utfall, utdjupar Fylkesmannen.
Bed om nytt skriftleg vedtak
Fylkesmannen ber difor om at Os kommune skriftleg og i vedtaks form tek stilling til om klagen frå Foreningen Bevar Fjellheim skal realitetshandsamast eller avvisast.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eit eventuelt avvisingsvedtak må grunngjevast nærare. Eit eventuelt avvisingsvedtak kan klagast på til Fylkesmannen på vanleg måte.
Fylkesmannen vil ikkje ta stilling til sjølve klagene før dette er avklart, og presiserer samstundes at "vi ikkje har meint å leggje føresetnader for resultatet av handsaminga i kommunen".