La planane for ein ny Rema 1000-butikk på høyring: Medan MDG, Sp og SV ønskte å stogga Rema 1000 sine planar om ein ny butikk på Moberg, gjekk Ap, saman med Frp og H, inn for å leggja detaljreguleringa av butikken på høyring.

Rema 1000 på Moberg: Posisjonen skilte lag. Butikkplanane rullar vidare

Sp, MDG og SV røysta mot å leggja detaljreguleringa for den nye Rema 1000-butikken på Moberg på høyring. Partia fekk rett nok ikkje med seg samarbeidspartnar Ap. Dermed er etableringa eitt skritt nærare realisering.

– MDG har eit berekraftprinsipp til grunn for politikken vår. Vi meiner det beste, i nokre tilfelle, er å gjera ingenting, og la dei grøne områda som tek opp CO2 få vera i fred. Bygget har sikkert gode kvalitetar, men det kan aldri bøta for det store inngrepet, som tiltaket i seg sjølv, og trafikkauken tiltaket medfører. Vi kjem difor til å røysta mot tiltaket slik det ligg i bordet i dag, sa Marie Hauge (MDG) då plan- og bygningsutvalet handsama detaljreguleringa for Ytre Moberg, Kuvågvegen 5, torsdag.

SV var også tydeleg på at ein ønskjer å bevara området som LNF-område. Partiet meinte dessutan at ein burde leggja til rette for daglegvareforretning nærare Halhjem i staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Som følgje av desse to aspekta, er det vanskeleg for oss å støtta ein butikk her, sa Asle Olsen (SV).

Rema 1000 byrja å snusa på tomta på Moberg i 2018. Etter eit møte med planavdelinga i kommunen, som ifølgje Arne Kristian Kolstad i ABO Plan & Arkitektur, var positive til etableringa under føresetnad av at det vart gjennomført ei konsekvensutgreiing av tiltaket, kjøpte Rema 1000 den nordlege delen av planområdet.

For eitt år sidan, i juni 2019, vart planprogrammet godkjent. Den gongen, som no, var det Frp, H og Ap som ønskte å gå vidare med butikkplanane.

Les også
Rema 1000 på Moberg: Fleirtalet i PBU vil gå vidare med butikkplanane
Framleis positive: Også då planprogrammet vart godkjent for eitt år sidan, var det Frp, H og Ap, her representert ved Line Furubotn Storum, som sa ja til å gå vidare med forslaget.

Statens vegvesen: – For tett på E39

I samband med oppstart og og godkjenning av planprogrammet kom det inn tre private merknader, og fire offentlege uttalar. Blant dei som er skeptiske til etableringa, er butikken på nabotomta, Kiwi Moberg.

Dei som driv Kiwi-butikken, Storhaugen 2 AS, skriv mellom anna at ei endring av arealføremålet frå LNF til næring bør vurderast i samband med kommuneplanen, at etableringa vil føra til at området sin karakter vert vesentleg endra, og at planen er i strid med samfunnsdelen til kommuneplanen.

– Ei omlegging til næringsområde vil ikkje støtta opp under det etablerte målet om «Liv på øyro», heiter det i merknaden frå Kiwi Moberg.

Vidare bed Brendahaugane grendalag om at akebakken som ligg sør i planområdet vert teken vare på, noko tiltakshavar har sagt at ein er positiv til, medan Statens vegvesen konkluderer med at det ikkje kan opnast for å etablera ein daglegvareforretning så tett på veganlegget langs E39 og fylkesveg 552.

– SVV er negative til å gå vidare med planarbeid på denne eigendomen med bakgrunn i omsynet til trafikktryggleik og framkomst for trafikken, går det fram av uttalen deira.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har hatt ein god del dialog med Statens vegvesen, men dei har vore lite konkrete i tilbakemeldingane sine, så det har vore litt vanskeleg å forholda seg til merknadene deira, sa Kolstad i torsdagens PBU-møte.

Køopphoping, byggjegrense og trafikktryggleik er blant ankepunkta.

– Vi har fått Helge Hopen til å gjera ei kapasitetsberekning av rundkøyringa. Med trafikken frå den nye Rema 1000-butikken, vil restkapasiteten på armen frå E39 reduserast frå 40 til 30 prosent. Det er med andre ord framleis god kapasitet, påpeika Kolstad.

– Ikkje ein standard Rema-1000-butikk

– Når det gjeld byggjegrense, har ein ikkje vore konkrete på kva ein meiner med det, men næringsbygget ligg 25 meter, eller så langt som mogleg frå vegen. Det er fem meter lengre frå vegen enn det våningshuset gjer i dag. Butikken det er snakk om er ikkje ein standard Rema 1000-butikk. Han er spesialtilpassa tomta, la Kolstad til før han oppsummerte tiltaket slik:

– Tiltaket er godt tilpassa merknadene vi har fått. Det er ein strategisk god plassering. Arealet er inneklemt med veganlegg på alle kantar. Det passar godt til butikk, men ikkje så mykje anna, påpeika Kolstad som i tillegg viste til at landbruksjorda vert teken vare på, at trafikksikringa er ivareteken og at ein skapar nye arbeidsplassar.

– Vi bed om at detaljreguleringa vert lagt til offentleg ettersyn slik at vi kan gå i nærare dialog med overordna styresmakter, og då spesielt Statens vegvesen, for å finna løysingar, sa han.

Kommunedirektøren si tilråding om å leggja detaljreguleringa til høyring og offentleg ettersyn vart vedteken med fem (3 Frp, 1 H og 1 Ap) mot fire røyster (2 MDG, 1 Sp og 1 SV). Nils-Anders Nøttseter (MDG) sitt tilleggsforslag om at fortauet på vestsida av Kuvågvegen skal forlengjast ned mot Sollia før reguleringsplanen vert handsama for andre gong, vart samrøystes vedteke.