Rekordtidleg julestemning på Kuventræ
I samband med Os-Bjarg-kampen på laurdag samlar fotballgruppa til Os Turn inn julepresangar til trengande.
Det står om tre viktige poeng for A-laget til Os Turn laurdag. Men mitt oppe i den viktige poengjakta, tek fotballgruppa på Kuventræ også eit tak for trengande i Bergen sentrum.
Tidleg julestemning
I samband med Os' heimekamp mot Bjarg inviterer fotballgruppa til Os Turn nemleg publikum og andre i området til å vera med og gjera ei god gjerning for folk som ikkje har det så bra i Bergen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me har avtale med Beate Brade i Gateomsorgen i Bergen om å samla inn julegåver som dei ved seinare høve kan gje vidare til trengande. I samband med dette sett me opp eit juletre ved kiosken, og håpar at osingar vil leggja frå seg det dei har å gje oss under treet, fortel dagleg leiar i fotballgruppa til Os Turn, Endre Brenne.
Frivillig organisasjon
Gateomsorgen Bergen er ein frivillig organisasjon. Dei har som mål å kunna gje rusmisbrukarar og heimlause i Bergen eit tilbod om mat og klede gjennom organiserte utdelingar.