Rekordstort agility-stemne på Os
Aldri har Os Hundeklubb arrangert eit så stort agility-stemne som på Kuventræ i helga. Det har gjeve meirsmak.
Etter svært gode tilbakemeldingar på fjorårets stemne på Kyrkjeflaten, tok hundeklubben det opp fleire hakk i år, og kunne invitera til Os Agility Festival 2016 - det største agility-stemnet i Hordaland.
Heile 140 ekvipasjar (hund og eigar) har vore i sving. Dette er dobbelt så mange som tidlegare år. Tre ringar (banar) med tre dommarar har gjort at hundeklubben i løpet av fredag, laurdag og søndag har kunna avvikla tre gonger så mange startar som i fjor, totalt om lag 600. Med det nærmar festivalen seg talet startar som større festivalar på Austlandet opererer med.
Artikkelen held fram under annonsen.
Frå heile landet
Me møter ein svært nøgd Simon Noel, ein av tre i arrangementskomiteen, på siste dagen for festivalen.
- Det har gått over all forventning og tilbakemeldingane har vore svært gode, smiler Noel som har kunna ønskt velkomen deltakarar frå heile landet.
Mange har campa på Kvuentræ i telt og bubilar. Andre har booka rom på Edvard Grieg.
- Det er klart at det sosiale er ein vesentleg del av dette. Me er etter kvart blitt som ein stor familie som deler interessa for hund.
VM-dommar
Agility går kort fortalt ut på å ta seg gjennom ei hinderløype på kortast mogleg tid, med færrast mogleg feil. Dommartrioen på Kuventræ har bestått av ein dommar frå Italia, ein får Ungarn og ein frå Noreg. Den italienske dommaren har tidlegare dømd i VM. Mellom ekvipasjane finst ein regjerande noregsmeister.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er tre storleikskategoriar i agility, som igjen er delt inn i tre ferdigheitsnivå. Det ypparste nivået er landslags- eller ekspertnivå. Fleire av ekvipasjane som har vore i sving på Kuventræ i helga aspirerer til landslagsplass, og har brukt festivalen til opplading til landslagsuttaket i Nannestad neste helg.
Fast arrangement
Noel legg ikkje skjul på at arrangementet har vore ressurskrevjande, og det har til tider vore jobba døgnet rundt for å koma i mål med alt. Mange har bidrege på dugnad. Men målet for hundeklubben er uansett å gjera festivalen til eit fast arrangement.
- Me har fått mange gode tilbakemeldingar, og det går nok mot at me ynskjer å gjenta dette, kanskje kvart år, kanskje anna kvart år, seier Noel som har hatt med seg Vala Hjort Jensen og Rikke Noss Bang i arrangementskomiteen.
Godt samarbeid
Noel legg til at dei er svært glade for det gode samarbeidet med Os Turn, Osbadet og Os kommune som har stilt både bane, garderobar, toalett og kafé til disposisjon.
- Dette er me svært takknemlege for. Festivalen i år er gjennomførd som eit testprosjekt. Vonleg ser både kommunen, Os Turn og Osbadet nytten av dette, slik at me kan få koma attende. For oss har i alle fall dette fungert svært godt, seier Noel.