Rekordmange har søkt om jobb i meistringsteamet som frå før av består av Christian Lund, Merete Lekven, Regina Steinsland, og  Ann Kristin Liavåg Svenningsen, som ikkje var til stades då Os & Fusaposten snakka med teamet på slutten av fjoråret.

Rekordmange ønskjer å bli kollega med desse

I samband med utvidinga av meistringsteamet blei det søkt etter ny medarbeidar på nyåret. Fristen gjekk ut måndag, og det har komme inn heile 75 søknader.

– Det er meir enn nokon av dei andre utlysingsrundane som kommunen har hatt til teamet. Søkjarane har varierande bakgrunn og kompetanse, skriv Ragnhild Bjørvik Fugle i ein e-post til Os & Fusaposten.

Blir tilsett snarast mogeleg

I desember i fjor skreiv vi om denviktige jobben meistringsteamet gjer. Ein av mange unge i Os som har vore innom meistringsteamet, ønskte å forteljasi historie. Meistringsteamet er ei tverrfagleg teneste frå Os kommune, sett saman av personar med helsefagleg, sosialfagleg og pedagogisk kompetanse.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Målet for meistringsteamet er å få elevane til å kjenna fagleg og sosial meistring, og såleis førebyggja fråvær og seinare fråfall i skulen. Den nye medarbeidaren blir tilsett snarast mogeleg i det populære teamet, skriv Bjørvik Fugle.