Dei siste fem åra har det blitt teke ut 4.000 m3 skog i snitt i Fusa. I år kan det bli snakk om meir enn 15.000 m3.
Dei siste fem åra har det blitt teke ut 4.000 m3 skog i snitt i Fusa. I år kan det bli snakk om meir enn 15.000 m3.

Rekordår for tømmer i Fusa

Talet på tømmerstokkar frå fusabygdene slår alle rekordar i 2015.

Morten Holmefjord

mortenholmefjord@gmail.com

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er allereie no mykje meir enn vanleg, seier Johan Bergerud på Bjørnefjorden landbrukskontor.

Bergerud skal sikra at tala stemmer, før dei går vidare til Fylkesmannen si landbruksavdeling. Alle skogeigarar pliktar å setja av pengar til eit skogfond. Når fondsmidlar skal brukast, for å halda skogen i hevd, må krav sendast kommunen for godkjenning.

Storparten av det som blir hogge blir gjort av entreprenørar i samarbeid med kjøparane av tømmeret, Nordskog og Vestskog.

Dale i nore Fusa er ein av stadane med bratt terreng der det er tek ut skog med løypestreng.
Dale i nore Fusa er ein av stadane med bratt terreng der det er tek ut skog med løypestreng.

- Frå januar til og med september er det meldt inn 6.700 m3. Det er grunn til å tru at så godt som alt er vindfallshogst, seier Bergerud.

Han legg til at ikkje alt tømmeret som ligg på kommunekaien i Eikelandsosen denne dagen kjem frå Fusa, men også frå kommunane rundt.

Auke dei neste 10, 15 åra

Dei siste fem åra har det blitt teke ut 4.000 m3 skog i snitt. I år kan det bli snakk om meir enn 15.000 m3. Mykje har stått på vent, men i desse dagar tek arbeidet til på Fusahalvøya, der to nye skogsvegar er komne på plass.

- Mesteparten av trea som vart råka av stormen er rotvelta. Desse kan bli ståande lengre enn dei trea som er knekt, desse blir fortare angripne av tørke og råte. Ein har gitt seg ein frist til påske 2016 for å redda det meste, seier landbrukskonsulenten.

Den store aktiviteten i skogbruket kjem nok til å halda fram. Og då handlar det ikkje berre om å rydda opp etter uver.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er mykje snart hogstmogen granskog i Fusa, og me reknar med ein auke i hogsten dei neste 10-15 åra, meiner Bergerud.

Gunstig sommar

Skogbruksleiar for Vestskog i Sunnhordland, Tysnes, Fusa og Kvinnherad, Stig Håland, stadfestar tala.

- Fusa vart sterkt råka av Nina-stormen. Men me har vore heldige med ein etter forholda gunstig sommar, og me ligg ikkje så hakkande gale an, seier skogbruksleiaren.

Men alt som stormen la etter seg, kan ikkje takast ut.

- Me må konsentrera oss om det som er mest tilgjengeleg. Mykje ligg uframkomeleg til og det får me ikkje tak i, avsluttar Håland.