Ferjesambandet er i drift att

Hatvik-Venjaneset var ute av drift onsdag føremiddag.

– Kapteinen melder om at problemet skal vera løyst, kunne Bjørn Barstad i Fjord1 opplysa like før kl 12 onsdag.

Les også
Ferjesambandet innstilt: — Ikkje første gong me må ryggja av ferja

Ferjesambandet hadde då stått sidan klokka 10.40 onsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva var problemet?

– Det var problem med thrusteren. Me måtte ha ekstern hjelp for å få det ordna, men no har kapteinen nett meldt meg om at problemet skal vera løyst, fortalde Barstad i føremiddag.