Regjeringa vernar 15 viktige skogområde - to av dei i Bjørnafjorden
Regjeringa vernar 15 skogområde i Vestland og Innland fylke.
– Områda har høg verneverdi ved at dei omfattar sjeldne og trua naturtypar med stort biologisk mangfald. Arealet som vert verna i dag (fredag) er i hovudsak frivillig vern av privateigd skog, skriv regjeringa i ei pressemelding.
Mellom desse er Ulvenfjellet naturreservat i Bjørnafjorden og Stussvikhovda naturreservat som ligg i Bjørnafjorden og Kvinnherad kommune.
Artikkelen held fram under annonsen.
Til saman i år har regjeringa verna 73 skogområde. Dette utgjer 148 km2 nytt verneareal og 105 km2 med produktiv skog.
– Eg er glad for at vi kan avslutta 2020 med nok eit vedtak om vern av verdifull skog. Vi gjennomfører regjeringas ambisjon om auka skogvern. Satsinga er meir enn dobla frå førre regjeringsperiode. Regjeringa har på åtte år løyvd nær 3,3 milliardar kroner til skogvern, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn i pressemeldinga.
Fleire av områda som no er verna, har svært verdifull natur. Det gjeld blant anna Stussvikhovda naturreservat i Kvinnherad og Bjørnafjorden kommunar, skriv regjeringa i pressemeldinga.
Området har eldre oseanisk kalkfuruskog, rik edellauvskog og vestnorsk regnskog som er raudlista vegetasjonstypar. Skogen er i hovudsak svært produktiv og gamal, med tre mellom.
– Det er svært positivt at mange skogeigarar tilbyr frivillig vern. Utan innsatsen frå skogeigarane og deira organisasjonar hadde vi ikkje fått verna så mykje skog, seier statsråd Rotevatn.
Ulvenfjellet ligg fullstendig på Statskog SF sin grunn. Verneforslaget her består av eldre furuskog, rik edellauvskog i form av rike hasselkratt og brannfelt.