Regjeringa lovar store summar til Hordfast
Prisen for Hordfast er anslått til 37,7 milliardar kroner. I ny Nasjonal transportplan lovar regjeringa store summar til prosjektet.
Regjeringa set av pengar til å starta opp både Hordfast og ny E16 Bergen-Voss i ny Nasjonal transportplan.
Det melder NRK onsdag. Statsminister Erna Solberg omtalar samferdselssatsinga til regjeringa som historisk.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Nokon vil seia at vi har lova dette før. Ja, det tek lang tid med desse prosjekta. Dei har lagt inne i mange planar, men vi ligg nærare å få realisert dei no, seier Solberg til NRK.
Ho kommenterer at Hordfast «har gått strafferunden i å få ned kostnadene sine, slik at det no er gjennomførbart».
— For alle som har sagt at vi må velja mellom det eine eller det andre: Regjeringa har tenkt å gjera begge delar, seier statsministeren med tanke på Hordfast og ny E16.
I Hordfast-prosjektet skal ferjesambandet mellom Stord og Os erstattast med firefelts motorveg på ei rekordlang flytebru.
Det skal vera sett av ein milliard kroner pluss bompengar til Hordfast dei neste seks åra.
Solberg kallar Hordaland ein av vinnarane i ny Nasjonal transportplan samla sett.
– Dette er store prosjekt som skal bli gjennomført, slår ho fast.