Redda truleg Øya-opphaldet for heile ekspedisjonen
«Øya»-deltakar Erik Walden imponerer stort i reality-serien på TV2. I måndagens episode redda han truleg opphaldet for heile gjengen.
– Det er vanskeleg å seia kva som hadde skjedd om me ikkje hadde fått orden på det garnet og fått fanga litt fisk. Truleg hadde det vore slutten for i alle fall eit par av deltakarane, seier osingen.
Stod på for laget
I måndagens episode av den TV2-sende reality-serien stod 47-åringen frå Strøno verkeleg fram som ein helt. Medan dei resterande 11 andre på øya i mangel på mat og næring knapt klarte å røra på kroppen, tok Erik initiativet til å fiksa opp eit garn som han fann på den andre sida av øya. I tre dagar jobba han med garnet. Etter å ha fått litt hjelp mot slutten, fekk han endeleg garnet med seg tilbake til leiren og gjort det klart for bruk.
Artikkelen held fram under annonsen.
På første kast gav det ni fisk. Dermed kunne deltakarane eta sitt første skikkelege, store måltid på nær tre veker.
– Det var ikkje alle som trudde at det ville løna seg å setja garnet?
– Nei, men eg er jo ein sta jævel, så eg bestemte meg for at eg skulle klara det.
– Du gjorde det litt for laget og litt for deg sjølv?
– Ja, og ikkje minst fordi me var avhengige av å få mat. Det er grenser for kor lenge ein kan leva på vatn, sniglar og skjell.
Fekk tips av far
Både under opphaldet på den frodige øya utanfor Panama og i ettertid har Erik fått ei rekkje kommentarar og spørsmål vedgåande hans store uthaldenheit og styrke. Osingen forklarar det slik:
– Eg var godt førebudd på turen og hadde ete meg godt opp. Elles er det vel litt genar og sterk vilje, ler Erik.
– Ja, du tenkjer på din far?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ja, dei spøkte jo med det der nede – at det var genene mine som gjorde at eg klarte meg så godt i det varme klimaet.
– Far din er frå området i nærleiken?
– Nesten, far min er frå Trinidad Tobago. Det er ikkje så langt unna. I alle høve ligg det på same breiddegrad.
– Fekk du tips av far din før du drog?
– Ja, han fortalte litt om korleis eg burde gå fram i jungelen og litt om korleis ein kunne fiska der.
– Og nett når det kom til fiske, var du i ein klasse for deg sjølv?
– Hehe, ja, eg var i alle høve meir erfaren og kunnskapsrik enn dei andre. Det var ein som hadde fiska litt gjedde, elles hadde ikkje dei andre særleg peiling.
Betre og betre form
I episoden som vart vist på måndag hadde delegasjonen vore på øya i tre veker. No står det att tre episodar. For deltakarane, kring ei veke.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Om dette hadde vore eit ekte skipsforlis, ville alle ha overlevd?
– Tja, det er ikkje godt å seia. Me hadde i alle høve fått alvorlege problem om me ikkje hadde fått ordna garnet og fått fisk.
– Men du sjølv var «on top of it»?
– Hehe, ja. Det var det som var så rart. Etter at eg vart aklimatisert, vart eg berre i betre og betre form. Eg fann matchvekta mi, drakk nett passe av det dårlege vatnet og fann balansen.
– Så vatnet var dårleg?
– Det smakte forferdeleg. Eg tvang nedpå nokre slukrar tre gonger for dagen. Det heldt akkurat til å halda seg gåande.
Hyggjeleg merksemd
Brannmannen frå Os har fått mykje hyggjeleg merksemd etter at han vart eit kjent andlete frå TV-ruta. Både på arbeidsplassen og i det private får han gode tilbakemeldingar på innsatsen i «Øya».
– Det er kjekt, det, men det er jo ikkje merksemd som triggar meg. Eg var med fordi programmet passa meg perfekt. Eg digga heile konseptet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men det er kjekt at folk synest du gjer det godt og står fram som ein sympatisk og kjekk kar?
– Hehe, akkurat det med kjekk var jo litt artig at du nemnde. Eg har fått nokre meldingar frå ukjende kvinner. Ei av dei sa ho vart heilt «starstucked» av å sjå meg, ler Erik.
For dei som måtte lura, så er han altså ikkje ledig på marknaden. Erik har kjæraste i Oslo og har vore i eit forhold med denne jenta i tre år.
– Så damene kan spara seg frieria?
– Det er smigrande at folk liker meg, men ja, eg er oppteken.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no