Redda av hundane
- Om det ikkje hadde vore for hundane veit eg ikkje om eg hadde stått her no, seier Per Ivar Pahlm etter brannen i natt.
Like før klokka tre i natt vakna kona til Per Ivar Pahlm av at den eine hunden deira stod og skrapte i ho med potane.
- Me skjønte at noko var på ferde. Då eg gjekk inn i stova, såg eg at badestamp-huset, som ligg på baksida av huset vårt, stod i fyr, fortel Per Ivar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den tidlegare verdsmeisteren i langboge-skyting var fatta, men framleis naturleg nok oppskaka då «Os og Fusaposten» prata med han i halv ni-tida torsdag morgon.
- Eg skjelver framleis på hendene, men eg har fått litt ro i magen no når eg veit at forsikringa er i orden, seier han.
- For det var du ikkje sikker på?
- Nei, då me ringde dei i fem-tida i natt, kunne dei ikkje finna forsikringa vår. Heldigvis var det ikkje verre enn at dei hadde gløymd å skriva h-en i etternamnet vårt, forklarar Pahlm og himlar lett med augo.
Henta slange
Bogeskyttaren gjorde sitt beste for å stansa brannen, men fann rimeleg kjapt ut at han var sjanselaus.
- Eg henta brannslangen og stod i vinterhagen og spylte ut på "stamphuset", men det såg ikkje ut til å hjelpa. Tvert imot vart flammane større og større.
- Er det mellomrom mellom "stamphuset" og hovudhuset?
- Ja.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Og likevel spreidde brannen seg?
- Ja, du skulle sett dei flammane. Det var massive greier, forklarar Pahlm.
Etter kvart tok flammane tak i vinterhage-bygget og taket byrja å falla ned.
- Då skjønte eg at sterkare lut måtte til. Me måtte berre koma oss ut, fortel han.
- Då hadde du alt ringd brannvesenet?
- Ja, då var dei på veg.
Må finna hotell
Per Ivar, kona og hundane fekk deretter søkja ly hjå kona si tante like borte i vegen. I mellomtida kjempa brannvesenet ein forgjeves kamp mot flammane.
- Det var visst ikkje til å unngå. Huset er heilt totalskadd.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kvar skal de bu no då?
- Nei, sei det. Det blir vel på hotell. Me har knapt rekt å tenkja så langt.s