Reagerer på ved-tjuveri: – Kven er det som gjer noko slikt?
Torsdag oppdaga vaktmeister Arne Kvåle at nokon hadde stolen ved frå Kuhnletunet Dagsenter. Fredag forsvann nye sekkar med ved.
– Kven er det som gjer noko slikt? Det er så ufatteleg trasig. Eg er vaktmeister, og noko av det eg gjer på Kuhnletunet, er å kløyva ved saman med bebuarane. Vedproduksjon er det kjekkaste dei veit, seier Arne Kvåle.
Vedsekker forsvann to dagar på rad
Det var tidleg torsdag morgon at Kvåle oppdaga at nokon hadde stolen nokre sekkar med ved. I dag reiste han på ferie, og gav beskjed til tilsette at dei måtte sjå etter om fleire sekkar hadde blitt borte i løpet av ettermiddagen og natt til fredag.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg fekk beskjed på telefonen i dag at fleire sekkar hadde blitt borte. Det er ikkje snakk om så mange, men det forsvann nokre sekkar i går og nokre i dag. Det handlar uansett ikkje om kor mange sekkar som er stolen. Det handlar om at nokon øydelegg for dei som har dette som arbeidsplass og storkosar seg. Vi sel stort sett til eldre og andre som veit om oss, og pengane vi får inn går til felles hyggje på Kuhnletunet Dagsenter, seier Arne.
Har vore eit problem også tidlegare
Vaktmeisteren reknar med at dei i løpet av eit år sel mellom ti og 14 mål med ved.
– Når kommunen er ute og hoggar ned eit tre, kjem dei til oss med det og vi står klare med motorsag. Bebuarane kløyver og hiver i sekkar, seier Arne.
Det er ikkje første gong at nokon har forsynt seg av veden på Kuhnletunet. Fleire gonger har det forsvunne sekkar. Verst var det i 2011, då det i april blei oppdaga at 100 sekkar med 60 liter ved i kvar sekk var sporlaust forsvunne. (Saka finn du i Os & Fusaposten sitt digitalarkiv).
– Eg veit at dette har vore eit problem også tidlegare, men då var eg ikkje tilsett her, så eg kjenner ikkje så mykje til dei sakene, seier Arne og legg til:
– Vi håpar at nokon har sett noko og meldar frå om det. Vi har inga aning om kven som kan stå bak dette.
Politiet er varsla, og når Arne kjem attende til Os måndag, vil han melda saka.
– Politiet har sagt at dei kjem til å køyra innom for å sjekka når dei er ute på patrulje. Vi får sjå om det har forsvunne meir ved til måndag, men eg tenkjer at eg uansett kjem til å melda dette til politiet.