Ras har teke veg og pumpestasjon i Hovdalia
Husstandar i Hålandsdalen er utan vatn etter at eit ras i morgontimane øydela pumpestasjonen i Hovdalia.
Det melder Bjørnafjorden kommune på heimesida si. Holdhusvegen er sperra av raset, 150 meter nedanfor krysset mellom fylkesvegen og den kommunale vegen, skriv kommunen.
I løpet av føremiddagen plasserer kommunen ut vassvogner ved Hålandsdalen Montessoriskule og Hålandsdalen leirskole. Samferdsel og VA har kalt ut geolog og Bergen Vann for å få oversikt over skadane.
Artikkelen held fram under annonsen.