Ottar Steinar Randa skal leia planutvalet i Kvam dei fire neste åra. (Arkivfoto)
Ottar Steinar Randa skal leia planutvalet i Kvam dei fire neste åra. (Arkivfoto)

Randa planutvalsleiar

Ottar Steinar Randa (H), som er direktør i Os Bygg og Eigedom, vert leiar for planutvalet i Kvam.

Randa stilte som ordførarkandidat for Kvam Høgre. Partiet fekk 10,5 prosent oppslutnad i kommunevalet, og har etter forhandlingar dei siste dagane, bestemt seg for å samarbeida med Sp (31 prosent) og KrF (12 prosent). Det skriv Hordaland Folkeblad på nettsida si.

Jostein Ljones (Sp) vert ordførar, Heidi Sandven Botnen (KrF) varaordførar og Randa altså planutvalsleiar.