Kommunalsjef for oppvekst og kultur, Line Rye.
Kommunalsjef for oppvekst og kultur, Line Rye.

- Rammene for gymsalen står fast

Det sa kommunalsjef Line Rye om initiativet frå lærarar og foreldre ved Os ungdomsskule om større gymsal. Gisle Hesjedal (Ap) etterlyste betre svar.

Dei siste vekene har ein diskusjon blant lærarane ved Os ungdomsskule om romslegare fleirbrukshall nådd fram til politisk nivå. I går hadde administrasjonen møte med lærarane i saka, og i dag diskuterte tenesteutvalet saka. Kommunalsjef Line Rye svarte på spørsmål som kom frå Gisle Hesjedal under politisk kvarter.

- Med den informasjonen som er kjent i dag, er det administrasjonens syn at det bygget som no er planlagt vil dekkja ungdomsskulens behov? spurde Hesjedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Reguleringsplanen vart vedteken politisk våren 2015. Administrasjonen legg framover vekt på å finna gode løysingar innanfor rammene av reguleringsplanen. Dialogen med lærarane vil elles halda fram, sa Rye.

- Ikkje det eg spurte om

- Men dette var ikkje heilt svar på det eg spurde om. Eg spurde om gymsalen vil dekkja skulens behov utfrå den informasjonen som er kjent i dag, sa Hesjedal.

I brevet som lærarane sendte til politisk nivå, står det mellom anna om at det nyleg er komne fleire valfag som også treng gymhall-kapasitet.

Slik ser fleirbrukshallen ut på plankartet.
Slik ser fleirbrukshallen ut på plankartet.

Ifølgje Rye er det ikkje komen fram informasjon som var ukjent då reguleringsplanen vart vedteken.

- Det som er nytt er at gymseksjonen ved Os ungdomsskule har sett seg inn i dette, og har sett fokus på korleis arealet skal brukast. Dei seier at dei vil ha ein idrettshall, men vårt svar på det er at den sentrale idrettshallen i Os blir på Kuventræ, sa Rye.

Ho la til at administrasjonen har tru på at dei gymsalane som skal etablerast i fleirbrukshallen vil stetta behovet til skulen.