Rammebutikken forsvinn ikkje frå Os sentrum likevel. Det sørgjer Kristin Warhuus Våge for. Måndag opnar ho butikken att.
Rammebutikken forsvinn ikkje frå Os sentrum likevel. Det sørgjer Kristin Warhuus Våge for. Måndag opnar ho butikken att.

Rammebutikken lever vidare

Kristin Warhuus Våge ville ikkje ha noko av at rammebutikken i Os skulle leggjast ned. Ho la ein ny rammeplan og bestemte seg for å overta.

- Eg tenkte, veit du kva, dette kan eg gjera til ein moglegheit istaden for eit problem, fortel Kristin Warhuus Våge.

Den driftige dama frå Lysekloster er av dei mange som har fått kjenna innskrenkingane i olja på kroppen. Etter mange år i bransjen stod ho brått utan jobb. Samtidig las ho i lokalavisa at Rammebutikken i Os sentrum skulle avslutta.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Å nei, det var leit. Hadde dei snakka med meg kunne vi sikkert fått til ei løysing, tenkte eg då eg las det, seier ho.

Ein dag ho var i sentrum og gjekk forbi butikken fekk ho eit innfall.

- Då berre stima eg rett inn her og føreslo at eg kunne ta over.

Kristin Warhuus Våge tek over verksemda etter Dina Nordal Pedersen (bak t.h.), som nyelg har gitt seg. Før Dina gav seg har ho gitt Kristin ei innføring i faget, og ho kjem til å vera litt i bakgrunnen med ei hjelpande hand enno ei stund.
Kristin Warhuus Våge tek over verksemda etter Dina Nordal Pedersen (bak t.h.), som nyelg har gitt seg. Før Dina gav seg har ho gitt Kristin ei innføring i faget, og ho kjem til å vera litt i bakgrunnen med ei hjelpande hand enno ei stund.

Dementi

- Eg forstod ingen ting. Du kom inn her i ein fælande fart, i den kvite kåpa di, og snakka og snakka, seier Dina Nordal Pedersen.

Ho har drive rammebutikk i Os omlag halve livet. Men i starten av januar gjekk ho ut i lokalavisa og fortalte at ho hadde bestemt seg for å avslutta verksemda.

- Veldig mange blei lei seg for at det var slutt no, seier ho.

Kristin inkludert.

- Men no vil vi dementera den artikkelen. Rammebutikken skal ikkje avsluttast. Eg held fram, ivrar Kristin.

Artikkelen held fram under annonsen.

For innfallet hennar vart brått til ramme alvor.

Lært av Dina

Etter at Kristin dura innom Dina for nokre veker sidan har alt gått veldig fort.

Kristin driv med måling og kunst som hobby og har strekt mange lerret på ramme. Men elles hadde ho inga bakgrunn frå innramming.

Dermed var det heldig at Dina framleis hadde nokre veker igjen til ho skulle gje seg og ei ordrebok fylt opp med arbeid. For då kunne Kristin få læra innrammingshandverket av Dina, medan ho framleis gjekk nokre rundar med seg sjølv og vurderte om ho verkeleg skulle hoppa i dette. Og det bestemte ho seg for at ho ville.

- Ho lærer veldig fort, fortel Dina.

Overtek ordrebok og godt rykte

Denne veka avslutta Dina si verksemd, og frå måndag av tek Kristin over. I same lokale, med same butikk-namn og same telefonnummer.

- Eg overtek kassaapparatet, verktyet og ein butikk med eit godt rykte. Så håper eg verkeleg at kundane også følgjer med, seier Kristin.

Ein del potensielle kundar har ho i alle fall, for ho overtek ei liste med kundar som ønskte seg at Dina skulle hjelpa dei med innramming før ho slutta.

Artikkelen held fram under annonsen.

-"Alle" kom innom då dei høyrde eg skulle slutta og ønskte at eg skulle gjera ein liten jobb for dei. Dermed vart det veldig travelt. Eg rakk ikkje alle. No får Kristin denne lista med seg vidare, seier Dina.

Skal kursa seg meir

- Så håpar eg berre at osingar, fusingar, tysnesingar, samningar og andre kjem hit til meg. Dina har hatt så godt rykte at folk har kome hit frå byen også. Eg håper å kunne leva vidare på det gode ryktet hennar, men eg må sjølvsagt gjera ein god jobb også.

I tillegg til at Dina kjem til å vera litt i bakgrunnen som ei hjelpande hand enno ei stund i starten, har den friske lysefjordingen også alt planar om å ta fleire kurs.

- Det finst veldig mange gode kurs i innramming, seier Kristin.

- Då møter du også andre som driv med det same og skaffar deg eit nettverk, seier Dina.

Galleri på si

Den nye butikkeigaren har gjort seg mange tankar omkring korleis ho skal driva. Men førebels vil ho halda fram på same måten som før, utanom at ho vil driva kunstformidling i same lokale, ved å setja av veggplass til eit lite kunstgalleri.

- Du er tøff som hoppar i dette, kva får deg til å gjera det?

- Eg har verkeleg tru på planane for Os sentrum og trur også her er godt potensiale for denne verksemda, i og med at Os er ein kommune i vekst. Dessutan brenn eg for det lokale næringslivet her.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er inga tvil om at det blir mykje jobb framover og mykje nytt å læra. Men det blir spennande. Eg synest jo det er grådig kjekt med kunst.

Ho har allereie starta å ta imot oppdrag sjølv om verksemda ikkje er ordentleg oppe og går før måndag.

- Ja, det er berre å koma innom. Eg tek imot innleveringar, og alle som har vore innom er veldig positive når dei høyrer eg skal halda fram.