Råkøyring og slåsting
Ein person er meldt for å ha råkøyrt gjennom Hegglandsdalen i går kveld. På natta oppstod slåsting i taxi-køen på Osøyro.
Opersjonsleiar Hans-Erik Thuee fortel til Os og Fusaposten om råkøyringsepisoden som fann stad i Hegglandsdalen i går.
– Fartsgrensa er på 50 km/t på staden, og mannen vart målt i 78 km/t. Han blir meldt for forholdet, opplyser Thue.
Artikkelen held fram under annonsen.
Elles har det med eitt unntak vore roleg i Os og Fusa.
– Den sedvanlege slåstinga i taxi-køen fann stad også i natt. To kamphanar vart skilde av politiet, utan at det oppstod personskade. Ei kvinne hamna også i ein krangel og vart sendt til legevakta for sjekk, fortel Thue.