(Illustrasjonsfoto)
(Illustrasjonsfoto)

Rakettar og nattebråk

- Nattero skal det vera frå klokka 23.00 til 07.00. Då seier det seg sjølv at det er utidig å spela høg musikk klokka kvart på fem natt til ein fredag, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.

Meldinga om høg musikk natt til i dag kom frå Landboden-område.

- Vi fekk meldinga kvart på fem. "Festen" skal ha halde fram til kvart over fem, då blei det stile. Å spela høg musikk til langt på natt, særskilt når folk skal på jobb dagen etter, må definerast som upassande, seier Fimreite.

Artikkelen held fram under annonsen.

Må søkja om løyve

Politiet fekk også melding om det som skal ha vore aust-europearar som gjekk dør til dør ulike stader i Os og selte bilete. Desse blei ikkje kontrollerte av politiet. I halv elleve-tida skal det ha bli skutt opp rakettar i Os.

- Det er ikkje høve for privatpersonar å skyta opp rakettar utanom frå klokka 18.00 til 02.00 nyttårsaftan. Om ein vil gjera det utanom dette tidsrommet, må ein søkja politiet om lov.