(Arkivfoto)
(Arkivfoto)

Rådmannen krev ny vurdering

Rådmann Christian Fotland seier at det er behov for ei objektiv vurdering i Solsiden-saka, og trekkjer tilbake kommuneoverlegens varsel om reduserte opningstider.

- Saka har gått lenge, og mange har meint mykje. Difor er det naudsynt med ei ekstern vurdering frå eit større fagmiljø. Bergen kommune overtek saka. Dei har mange spesialistar, og eit stort kompetansemiljø på miljøretta helsevern. Dei vil koma med eit nytt vedtak i saka.

Rådmannen utdjupar:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er behov for å gå nokre rundar til for å vera heilt trygge på vedtaket. Dette betyr så mykje for begge partar.

Han avvisar samstundes at dette er ei mistillitserklæring til kommuneoverlegen, Jon Vangdal Aamaas.

- Det handlar om at dette er så viktig for oss at vi er nøydde for å få ei objektiv, tverrfagleg vurdering, og eit vedtak som kan stå seg i ei eventuell klagesak til Fylkesmannen.

Det var Midtsiden som omtalte siste utspelet frå rådmannen først.