Prøver å overtyda Nils Bjørke om ny fylkesveg
Os Sp prøvde i dag å få den nye leiaren for samferdsleutvalet med på at det hastar å finansiera fylkesvegen frå Endelausmarka til Helleskaret.
- Som du ser, er det ikkje så mykje gul stripe i vegen her, seier Eivind Moberg, leiar for Os senterparti.
- Ja, det er akkurat som heime, utbryter vossing og partifelle Nils T. Bjørke. Den tidlegare leiaren for bondelaget er ikkje like brennande oppteken av vegbygging i Os som forgjengaren hans, Gustav Bahus (Frp), var.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den dårlege vegstandarden i Åsen og i Lysefjorden er ein del av argumentasjonen til Os Senterparti.
- Kvar vinter går det bilar i grøfta her, og du får lange køar, seier Einar Vevatne, vara til styret i Os Sp, når me køyrer på ein spesielt smal del av Lyseklostervegen.
Ærleg beskjed
- Eg må vera ærleg og påpeika at alle kommunar har sine vegprosjekt - og alle kan løysa opp i ei rekkje lokale problem, seier Bjørke.
- Gustav Bahus (Frp) har hatt min jobb ei god stund, og Os har ikkje akkurat fått lite av dei fylkeskommunale vegmidlane dei siste åra. Det er litt vanskelegare å løfta ei slik sak no, når ikkje Frp/H/V greidde å få gjennomslag for dette prosjektet medan dei sat i posisjon, seier Bjørke.
Men han skundar seg å leggja til at han ikkje vil halda dette mot Os og vegprosjekt her.
- Det hastar
Men Os senterparti har i alle fall ikkje tenkt å gje seg. Årsaka til at dei har invitert Bjørke er nettopp å visa han at denne fylkesvegarmen står i ein særstilling.
- Veidekke har opsjon på å ta også denne biten. Denne opsjonen varer i eitt år, og er avhengig av at fylkeskommunen gjer eit vedtak om finansiering, seier Moberg.
Statens Vegvesen har gjeve uttrykk for at dei helst skulle hatt dette på plass i fjor, men no er februar 2016 på hell, og framleis er det ikkje skjedd noko.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vil vera til beste for regionen
Vegstrekningen var opprinneleg ein del av motorvegprosjektet, men vart på eit tidspunkt teken ut når ny bompengesøknad skulle sendast inn. Årsaka var frykt for kostnaden i prosjektet. Men målt opp mot noverande kostnadsramme for Svegatjørn-Rådal på 6,5 milliardar kroner, er dei 40 mill. kronene fylkesvegarmen sist var kostnadsrekna til, ein dråpe i havet.
- All fornuft tilseier at det er best å gjera denne jobben no når Veidekke alt er her. Dette vil ikkje løysa berre lokale behov, men også store bustad- og næringsprosjekt i området til gagn for heile regionen, seier Moberg.
- Bergensregionen er vel avhengig av både nye bustad- og næringsareal framover og då må vel fylkeskommunen leggja til rette for infrastruktur av denne typen, Bjørke?
- Ja, det er eit dilemma. Eg kan ikkje seia her og no kva tid me kan finna midlar til dette i det hardt pressa vegbudsjettet, men eg ser i alle fall at det er svært fornuftig prosjekt, sa Bjørke etter synfaringa.
Han la til at det faktum at denne vegen er regulert og ein naturleg konsekvens av motorvegen, er tungtvegande argument. Han lova å ta ein prat med samferdselsdirektør Håkon Rasmussen om saka, før politikarane får saka til handsaming i fylkestinget i løpet av våren.