Denne tomta på Sunnøya er stridens kjerne.
Denne tomta på Sunnøya er stridens kjerne.

Prøver å løysa floken på Amundsneset

Partane stridest om ein festeavtale på Amundsneset. No tilbyr Os kommune pengar til dei fire fiskarane dei inngjekk avtale med i 1998.

Som «Os og Fusaposten»skreiv om i november, er det ei pågåande konflikt mellom næringsinteresser på Amundsneset på Sunnøya. På den eine sida står Mecmar som er i vekst, ogtreng meir kaiareal. På den andre står fire fiskarar, og delvis reiaren Samba AS. Tomta dei stridest om ligg midt mellom Samba AS sitt areal på austsida, og mecmar sitt areal i vest. I 1998 inngjekk grunneigar Os kommune ein 40-årig festeavtale med dei fire fiskarane med tanke på at dei skulle etablera eit fiskemottak her. Men noko fiskemottak har ikkje materialisert seg i løpet av desse 18 åra. I staden har dei inngått ein avtale med Samba, om at dei skal få bruka området. Samba AS driv med sjøtransport.

- Festeavtalens formål ikkje oppfylt

I løpet av årets første månader har Os kommune hatt møte med båe partar. Eit sentralt moment har vore eit punkt i avtalen frå 1998. Der står det at avtalen ikkje kan vidarefestast utan godkjenning frå Os kommune. Om det er dette fiskarane har gjort ved å lata Samba AS få bruka arealet, er partane usamde om.

Artikkelen held fram under annonsen.

På vegner av Mecmar AS har advokatfirmaet Rasmussen & Broch sendt eit nytt brev til Os kommune, datert 29. februar. Der vert det bede om at Mecmars "legitime behov for en kaiutvidelse" ikkje vert avskore av ein "uakseptabel påberopelse om festerett som ikke benyttes i henhold til festeavtalens formål med Os kommune". Føremålet det vert sikta til er fiskemottaket.

Kommunens tilbod

Frå Os kommune si side er det sendt ut eit tilbod til dei fire fiskarane. Brevet har tittelen "tilbod om kompensasjon ved avslutning av festeavtale". Dokumentet er unnteke offentlegheit.

- Eg kan ikkje kommentera tilbodet innhaldet i dette brevet. Dette fordi me er i ein forhandlingssituasjon, seier ordførar Terje Søviknes.

Ragnar Selstad i Mecmar har behov for meir kaiareal, men kan ikkje utvida så lenge arealet nord for Mecmar si tomt vert brukt av andre.
Ragnar Selstad i Mecmar har behov for meir kaiareal, men kan ikkje utvida så lenge arealet nord for Mecmar si tomt vert brukt av andre.

- Men ut frå tittelen på brevet ser det ut til at Os kommune ønskjer å få avslutta avtalen med dei fire fiskarane i byte mot kompensasjon?

- Vårt mål er å finna ei løysing som alle kan leva med. Det er ei krevjande øving.

Juristmat

- Stemmer det at fiskarane har brote avtalen ved å framfesta arealet til SAMBA AS?

- Nei, ikkje direkte. Avtalen dei har med oss seier at dersom dei skal vidarefesta avtalen, så skal me godkjenna det. Men dei har ikkje formelt vidarefesta avtalen og tinglyst dette. Dei har inngått ein leige-avtale med Samba. Det er nokre av dei juridiske vurderingane me gjer no, seier Søviknes.

- Er det eigentleg nokon skilnad på vidarefesting av avtalen og vidarefesting av tomta?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det handlar om tidshorisonten, om det dreier seg om ein leigeavtale i ein kortare periode. Her har partane litt ulikt syn, og det er det me prøver å finna ei minneleg løysing på. I verste fall kan dette enda opp i retten.

- Men så langt er ikkje dette gått endå?

- Nei, men det er juristmat allereie. Mecmar kommuniserer via advokat, og me får også undersøkt vår ståstad juridisk, seier Søviknes.