Promillekøyring og bålbrenning
Laurdag kveld vart ein 22 år gamal mann teken for promillekøyring i Os. Sundag morgon fekk politiet melding om brann i Gamle Finnebrekka.
Det viste seg raskt at det som såg ut til å vera brann i eit hus, berre var ein person som brann hageavfall på utsida av huset. Røykutviklinga var kraftig.
- Personen fekk pålegg frå brannvesenet om å slukka bålet. Han fekk også beskjed om å ikkje brenna vått treverk. Det lagar mykje røyk, og kan fort oppfattast som brann. Det er med andre ord ingen god idé, seier leiar ved Operasjonssentralen i Hordaland, Morten Kronen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Blåste raudt
Litt før elleve laurdag kveld fekk politiet i Os melding om ein rusa mann som var ute og køyrte bil. Kort tid etter vart mannen stogga i Os sentrum.
- Personen, ein 22 år gamal mann, blåste raudt, og vart teken med til Os legevakt for blodprøvetaking. Han vart seinare dimittert og det vil bli oppretta ei sak på hendinga, opplyser Kronen.