Potensielt kostbar mobilbruk: Nekta å vedta førelegg
Patruljen skal ha kome over ein mann som brukte mobilen medan han køyrde.
Det var i 13-tida fredag at patruljen i nærleiken av Os sentrum, skal ha observert ein mann i 40-åra som brukte handhalden mobiltelefon under køyring.
Førelegget for bruk av handhalden mobil under køyring, auka til 7.450 kroner 1. mars i år.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet opplyser i ein e-post at mannen ikkje ville vedta det forenkla førelegget på staden, og at det difor blir oppretta melding på tilfellet.
Promillekontroll
Laurdag hadde politiet promillekontroll på morgonen. Dei stilte seg opp på Ulven, ved krysset Ulvenvegen/Lyseklostervegen.
— Det blei stansa trafikk i alle retningar. Kontrollen varte frå kring halv åtte til halv ni. Vi kontrollerte 48 bilar — ingen reaksjonar. Bra, seier vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.