Fyrverkeri: Like etter klokken 22 fredag kveld mottok politiet melding om bruk av fyrverkeri.

Postkasse vart sprengd med fyrverkeri

Politiet mottok melding om bruk av fyrverkeri fredag kveld.

Like etter klokken 22 fredag kveld mottok politiet melding om bruk av fyrverkeri. Det var ein postkasse som hadde blitt sprengt i Hagavik-området, opplyser vakthavande.

Politiet fekk opplysningar om at det skal ha vore nokre ungdomar. Politiet var på staden utan at dette gav resultat.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei stund etter første melding om fyrverkeri mottok politiet ei ny melding fra same område.

– Dette var i tilknytning til ein fest i område kor det også hadde blitt brukt fyrverkeri. Politiet kom i kontakt med ein mann i slutten av 30-åra som erkjente å ha benytta fyrverkeri, men ikkje sprengt ein postkasse. Vedkomande fekk ei streng åtvaring om ikkje å benytta fyrverkeri og halda fred, seier vakthavande.