Populær Søviknes gjev æra til Frp/H-koalisjonen
Sentio Research plasserer ordførar Terje Søviknes på 48. plass over landets mest populære ordførarar.
Sentio Research legg gradvis fram ordførarevalueringa fram mot valet. Tysdag avslørte dei kven som står på 50. plass, 49. plass og 48. plass. Her finn ein Karl Einar Haslestad (Sande kommune), Håkon Myrvang (Naustdal kommune) og ordførar Terje Søviknes. Han får i snitt terningkast 4,3 av dei spurde innbyggjarane.
- Det er kjekt å få gode tilbakemeldingar. Eg fekk vita i vår at eg låg i toppsjiktet i Hordaland. Men det er klart at ei slik meiningsmåling seier meir om personleg popularitet enn faktiske resultat.
Artikkelen held fram under annonsen.
- For å få eit best mogleg bilete bør ein altså samanstilla dette med den gode rangeringen Os kommune dei siste åra har fått på målingar som den Kommunebarometeret står for. Der har me klatra til 59. plass i landet. Det økonomiske resultata har også vore gode. Alt dette takk vere ein stabil styreform gjennom samarbeidet mellom Frp og Høgre, og dessutan tverrpolitisk semje om dei store linjene i politikken vår, seier Søviknes.