Bassenget i Osbadet var fullt av «sjøløver» og «haiar» ( etter kursnamna) då Os svømmeklubb starta ny sesong for vidarekomne symjeborn onsdag. Heldigvis var det ingen farlege rovdyr å sjå, berre blide ungar. Instruktør Knut Henrik Bøe til venstre i biletet.
Bassenget i Osbadet var fullt av «sjøløver» og «haiar» ( etter kursnamna) då Os svømmeklubb starta ny sesong for vidarekomne symjeborn onsdag. Heldigvis var det ingen farlege rovdyr å sjå, berre blide ungar. Instruktør Knut Henrik Bøe til venstre i biletet.

Populær klubb i fint driv

Denne veka starta Os symjeklubb nye kurs og treningar. Onsdag var det full rulle med vidaregåande kurs for born.

Neste år kan Os symjeklubb feira ti-års jubileum. Då er det sjølvsagt gledeleg for klubben at dei stadig er ein ettertrakta klubb med stort aktivitetsnivå. - Sidan starten i 2007, har vi vakse jamt, fortel instruktør Knut Henrik Bøe, som vi møter i Osbadet onsdag kveld. Han er ein av Os Svømmeklubb sine mange frivillige instruktørar som hjelper til slik at born i Os får god symjetrening.

Lang venteliste

Leiar i klubben, Tord Færøy, bekrefter det Bøe seier om klubben sin vekst.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Strengt tatt kunne vi nok ha vakse endå meir om vi hadde ubegrensa kapasitet. Men Osbadet skal drivast kommersielt, og vera ope for alle. Då kan ikkje vi leggja beslag på all tida, det seier seg sjølv, seier han. Klubben har eit god samarbeid med Osbadet og gler seg over alle dei får plass til på kurs, sjølv om det er litt ventetid.

- Ventelistene våre er temmeleg lange. Vi har alltid mellom 30-50 på lista, og tek inn mellom 15-20 nye kvart semester.

Det er altså litt av eit nålauga å koma gjennom, skal ein få plass på symjekursa. Og lange ventelister fører til kreative foreldre.

- Den yngste vi har på ventelista no er berre seks månader gammal. Vi tek ikkje inn nokon før dei er blitt seks år, men innan den tid vil nok denne ungen vera øvst på ventelista, flirer Færøy.

- Godt miljø

Kvar onsdag held klubben fire symjetreningskurs i terapibassenget og fem i det store bassenget. Med ni fulle kurs har dei til saman 120 ungar i bassenget denne dagen.

Dei er fire instruktørar på kvart av dei store kursa i terapibassenget, med 15 ungar på kvart kurs, medan dei er to instruktørar på kvart av kursa i det store bassenget, med 10 born på kvart.

I tillegg kjem trenarar for alle som driv konkurransetrening.

- Heile klubben er driven på frivillig basis, også alle instruktørar og trenarar, fortel Færøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kabalen får dei til å gå opp ved at mange foreldre stiller opp på fritida.

- Det går ikkje ut over kvaliteten på opplæringa. Alle foreldre som vil hjelpa til får instruktørkurs. I tillegg er vi jo så privilegert at vi har nokre skikkeleg erfarne ringrevar med oss. Vi har eit veldig godt miljø i klubben, og er heldige som har så mange som vil bidra, seier Færøy.

Knut Henrik Bøe er som nemnd ein av dei mange frivillige foreldra. Onsdag var han med og heldt kurs i det store bassenget.

- Det blir sjølvsagt begrensa med tid når vi skal gjera dette ved sida av jobb, men det er utruleg kjekt. Vi får veldig god kontakt med alle ungane, og kan hjelpa dei godt på veg mot gode symjeferdigheiter, seier han.

Aksjon med gratis kurs

Med fulle kurs og lange ventelister er både Tord Færøy og Knut Henrik Bøe glade for at det finst fleire høve til å læra born å symja.

For også i 2016 samarbeider Norges Svømmeforbund med GjensidigeStiftelsen om å arrangera Svømmeaksjon. Noko dei har gjort sidan 2008.

Dette er ein aksjon som skal bidra til å gjera norske born trygge i vatnet.

Aksjonen fungerer slik at eldsjeler kan samla ei gruppe på 15 born som treng symjeopplæring, og søkja om å få tildelt eit kurs.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berre klubbar som er med i Norges Svømmeskole, NSF sitt konsept for symjeopplæring, kan være med som arrangørar i aksjonen. Men søknadane må koma frå eldsjeler.

- Vi har meldt inn at vi kan arrangera 4 kurs, så er det opp til eldsjeler å søkja, fortel Færøy. Kursa er heilt gratis, og er retta mot born i alderen 6-10 år.

Søknadsskjemaet for eldsjeler opnar 9. mars og stenger 4. april. Tildeling blir offentleggjort 18. april. - Dette er eit veldig flott tilbod, som dessverre ser ut til å bli arrangert for siste gong neste år. Derfor håper vi på ekstra mange søkjarar i år og neste år, seier Bøe.