Fusa kommune byrja arbeidet med adressering mot slutten av 1990-talet. Tredje og siste del av prosjektet skal etter planen fullførast innan utgangen av året. (Arkivfoto)
Fusa kommune byrja arbeidet med adressering mot slutten av 1990-talet. Tredje og siste del av prosjektet skal etter planen fullførast innan utgangen av året. (Arkivfoto)

Pollavegen eller Podlavegen?

Vel 15 år etter at arbeidet starta, er Fusa kommune omsider snart i mål med å namngje alle vegane i kommunen.

Fusa kommune byrja arbeidet med adressering mot slutten av 1990-talet. Første delprosjekt fann stad i nordre del av kommunen. Her var vegnamna på plass alt i 1999. Andre delprosjekt, som vart avslutta åtte år seinare, tok føre seg Eikelandsosen og Fusa-halvøya.

Tredje og siste del av prosjektet skal etter planen fullførast innan utgangen av året. Området for adressering gjeld hovudsakleg Holdhus og Søre Fusa skulekrins.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg er glad for at de er komne så langt i arbeidet, sa Asbjørn Heidal (KrF) i førre formannskapsmøte.

Utfordrer kartverket

Framlegg til vegparsellar og vegnamn har vore til offentleg ettersyn til 5. mai. Kommunen har òg arrangert folkemøte for å få innspel til kva dei ulike vegane bør heita.

- I tillegg har Statens kartverk og Språkrådet vore med på å kvalitetssikra namna. Det er viktig at forslaga som vert vedtekne er så gode som mogleg, opplyste kulturleiar Erik Vangsnes i møtet.

Fusa kommune fekk 26 uttalar med framlegg til endringar i høyringsperioden. Av desse var det 12 nye namneforslag, og 15 forslag til nye parsellar.

Éin av få forslagsstillarar som fekk gehør for endringsfroslaget sitt, var Marte Bodil Rød Lamp. Ho foreslo Rødo eller Rødsvegen framfor Ytrerødvegen.

- Innspel vert imøtekome. Rødo er ei godkjent og tilrådd form. Rødsvegen er tilrådd som alternativ av Stadnamntenesta, heiter det i sakspapira.

Johanna Ljones føreslår Podlavegen i staden Pollavegen. Men ifølgje §4 i Lov om stadnamn skal ein ta utgangspunkt i skrivemåten til primærnamnet, som i dette tilfelle er Lygrespollen. Formannskapsmedlemene var ikkje samde med kommunen si avgjerd om ikkje å imøtekoma forslaget.

- Podlavegen er det namnet folk er vane med å bruka, påpeika Heidal.

Artikkelen held fram under annonsen.

-I Fitjar prøvde dei seg på noko liknande. Då sa kartverket blankt nei, repliserte Vangsnes.

- Då trur eg vi skal utfordra kartverket, sa Magne Djuvik (Frp) og fekk fleire anerkjennande nikk frå "kollegaene" rundt bordet.

Gode, lokale namn

Eitt anna namn det vart litt diskusjon kring, var Stølen kontra Stølaneset.

- Når det gjeld Stølen så finst det alt ein veg i Bergegrend som heiter Stølane. Av beredskapsmessige grunner prøver vi å unngå namn som er tilnærma like, opplyste Vangsnes.

- Kva med Dalavegen og Dalevegen? undra Aud-May Boge (H).

- Dalavegen er eit namn som vert vidareført frå Kvinnherad. Det bur ingen langs den vegen i Fusa, påpeika Vangsnes.

Kulturleiaren trur at når folk tek i bruk Stølaneset, så vert ein fort van med namnet.

- Stølaneset er til like med Stølen eit godt,lokalt namn, sa Vangsnes.